litt

 

 

Copyright ® 2010 Ola Kringlen

VONAPORTALEN
@KRINGLEN.COM

 

       Dato

Måling

Temperatur    
Snødjupne

 

Istjukkelse

 

Vintermålingar v/ Vona Gard/ Rupebu

Linkar

 

 Øvre Naustdal Utmarkslag


 Instedalen.no

 

 Instedalen skianlegg
 (daglege oppdateringar)
  

 

 Indre Sunnfjord Turlag

 

 Naustdal Kommune

 

 Tambarskjelvar Idrettslag

 

 Stall Gryta

 

 Naustdal på ORIGO

 

 FIRDA

 FIRDAPOSTEN


 NRK Sogn og Fjordane

 

SISTE NYTT


Tysdag 1. mai

Britt tok ein ettermiddagstur til Vona i dag for å sjå kor langt våren hadde komt der inne. Det var ein fin "vårskitur", fint føre og knallfint ver. Det er fortsatt snø frå parkeringsplassen, og i terrenget rundt Vonavatnet er det enno 40-50 cm snø, noko mindre på solsida og ein del tøyeflekkar rundt hyttene. Det gjekk fint å gå over vatnet, det var fast og fin overflate på isen og ikkje vatn langs med land. Men dersom mildveret fortset, vil nok topplaget bli dårleg etterkvart. Bilder i galleriet.

_______________________________________________________________

 

1. påskedag 8. april

 

Opphaldsver, vindstille og -6 grader kl 08.30. Har sett sola i dag, og den kjem nok fram att i følge vermeldinga. Nok ein dag med fine turforhold. Skiføret held seg bra, og det er fortsatt tørrvoks som er skismurning. Det er løyper mot Longevasstranda og Blåfjellet, og oppe i høgda er det laus snø.

Dette blir siste oppdateringa av Vonaportalen denne påska. Vi reiser nedatt i bygda i dag. Takk til alle som har fulgt med på portalen i vinter, håpar det har vore til nytte. Framover blir det meir sporadiske oppdateringar, men vi kjem tilbake med meldingar om isforhold og "båtføre" i mai.

________________________________________________________________________

 

Påskeafta 7. april

 

Lettskya, sol i fjella rundt. Vindstille, -6 grader. Skareføre i hellingane der sola fekk godt tak i går. Ellers er det fortsatt tørr snø oppå gammal skare. Har observert ein skiløpar som skøyta lett over vatnet i dag tidleg. Blir fint føre utover dagen når sola får litt tak.

 

Gårsdagen var fantastisk fin. Utfartsrekord  denne påska, og det var etterkvart utfordrande å finne parkeringsplass. Ver ute i god tid, så får du parkert. Det blir nok ein ny fin dag idag i følge vermeldingane.

Bilder frå tur til Longevasstranda i går i galleriet.

________________________________________________________________________

 

Langfredag 6. april

 

-2 grader, vindstille. Sola er i ferd med å bryte igjennom, det kan bli ein fin dag. Det har komme eit tynt snølag i natt, litt utfordringar å smørje skia for nysnø i april. Ut på dagen blir snøen kram og annan smurning må til. I går ettermiddag var rød voks det beste.

Det er fin laus snø i terrenget og det er fint å gå og renne overalt. laget med nysnø er no berre 6-7 cm oppå skaren. Vermeldinga er svært bra for dagen i dag, vi håper den stemmer. Ut i marka folkens:)

________________________________________________________________________

 

Torsdag 5. april

 

Lette snøbyger, -2 grader, vindstille. Det har komme  2-3 cm snø i natt. Scooterløypene på Vonavatnet vart oppfriska i går og det er eit bra løypenett no. Innover dalen mot Godtdalen er det gode trakka løyper. 

 

Det var også ein fin  dag i går, og mykje folk innover på ski.

_________________________________________________________________________

 

Tirsdag 3. april

 

Fantastisk dag på Vona. Sol og vindstille, og veldig fint i solveggen.
I skuggen er det litt kjølegare, + 3 grader på det meste i dag. Det har komme ein del nysnø, men ikkje meir enn 10 cm nede i Vonaområdet, så det er lett å gå. Nypreparert løype inn til vatnet og Røde Kors har køyrt scooterspor på Vonavatnet i fleire retningar. Veldig bra. Puddersnø og fint å renne overalt. Mykje folk var innover i dag og fekk ein fantastisk dag. Sjå bilder i galleriet. 
Ny oppdatering av Vonaportalen frå torsdag morgen og kvar dag framover kl 09.00.

Har lagt ut nokre bilder som Rolv Herstad tok i dag på tur til Longevasstranda. (Lagt ut etter løyve frå Rolv).

_________________________________________________________________________

 

Søndag 1. april

 

Tett snøver og litt vind. Det har komme 10 cm snø i natt. Ikkje den starten på påska som vi kunne håpa på, men vi håpar på betring. 0 grader kl 10.30, klabbeføre dersom ein har den minste rest av klister under skia slik underteikna hadde i dag. Fast og fint underlag både på vatnet og i terrenget. Underlaget har frose litt før det kom nysnø. Sjå "Ismelding" i margen til venstre for detaljar om isen på Vonavatnet.

_________________________________________________________________________

 

Fredag 30. mars

 

Har hatt ein kveldstur inn på Vona. Lette snøbyger og ca 0 grader. Det har komme eit par cm nysnø i dag. Løypa til Vonavatnet var nypreparert og fin. På vatnet er det fast og fint å gå, spesielt i dei gamle scooterspora. Litt nattekulde held føret bra, ingen endring sidan sist helg. Dette lovar bra for påskehelga. Har kontollmålt isen inne ved Vona og ute ved Leite. Inne ved Vona er total-tjukkelsen 80 cm og ute ved Leite ca 1 m. Solid og fast is 50-60 cm i botnen, oppå der eit lag med tjukk sørpe, og på toppen 5-10 cm med skare. Så det er uansett trygt å ferdast på isen lenge enno. Men elveosane har opna seg, og dei må ein halde seg langt unna.

Vonaportalen blir oppdatert ca annankvar dag no i starten på påska, og så ser vi litt veret an om vi blir fast på hytta frå tirsdag/onsdag.

________________________________________________________________________

 

Søndag 25. mars

 

Overskya, litt disig. +1 grad kl 08.30. Det har ikkje vore kuldegrader i natt, så det er ikkje skare. Det betyr bra skiføre, rødt klister fungerer fint. Det er meldt litt lettare ver ut på dagen.

I går var det mykje folk innover, det var ein av dei finaste dagane i fjellet denne vinteren.

_________________________________________________________________________

 

Lørdag 24. mars

 

Sol, +1 grad kl 08. Det har vore frost i natt slik at det no er skareføre. Når sola får litt tak, blir det bra skiføre av dette. Nyt dagen i fjellet:)

_________________________________________________________________________

 

Fredag 23. mars

 

Nydeleg veir, sol og 6 grader. Nykøyrd løype inn til vatnet. På vatnet er det fint føre, foreløpig held topplaget bra. I terrenget er det litt mjukare, men likevel fint å gå. Anbefaler rødt klister dersom ein ikkje startar tidleg, i så fall er universalklister bra.

Bruk sjangsen denne godvershelga til ein tur på ski la det bli ein "tjuvstart" på påska.

_________________________________________________________________________

 

 

 


 

 

På Vonaportalen vil du finne ulike opplysningar og bilder frå Vona-området. Behovet for informasjon er størst på vinterstid, derfor er det mest stoff i vintersesongen. Men etterkvart vil også sommarsesongen bli meir dekka. Kom gjerne med stoff eller forslag til innhald.
Bilda blir lagt inn med ulike mellomrom, men skal vere mest muleg ferske. Eldre album finn du under linken BILDEARKIV øverst.
Dersom du har bilder eller anna stoff, kan du sende dette på e- post til
 
okrin@online.no

HOME | BILDEARKIV | GJESTEBOK  |

SIDA ER OPPDATERT
01.05.12 kl: 21.30

               Kont. person: Ola Kringlen, tlf 99551175

 

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.
.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.


BILDEGALLERI

2012

Vona 1. mai

Langfredag- tur til Longevasstranda

Rolv Herstad sine bilder frå Longevasstranda 3. april

Vona 3. april

Vona 17. mars

Vona 4. mars

Vona- og Svomarka 8. jan.

Vona 1. januar 2012

 

 

2011

 

Juleferien på Vonastranda

Vonavatnet 10 desember

Vonavatnet 4 desember

Vonavatnet 18. november

Vona 24 september

Vonafjella juli 2011

2. juli Ny bru ved Nes-stølen

20. mai Vonavatnet

Langfredag og påskeafta

Vonaområdet 18. april

Brua ved Nes-stølen tatt av elva 21.mars

Vona 19. mars

Vona 6 mars

Vonaområdet 12. februar

Vonaområdet 29-30. januar

Vonavatnet 22. januar

 

 

2010

Vona 19. desember

Vonavatnet 28. november

Vonavatnet 7. november

Kløvtest Alaskan Malamute-
30. oktober

Vona 30. oktober

Vonavatnet 23. oktober
Vonagarden 9. oktober

I Vonafjellet 25. sept

Sauesanking 2-5 sept
Vonadagen 29. aug.
Torsdag 20. mai
Tirsdag 18. mai
Fredag 7. mai
Fredag 30. april
Laurdag 27. mars
Onsdag 24. mars
Søndag 14. mars
Søndag 28. februar
Fredag 19. februar
Søndag 14. februar
Søndag 31. januar
Søndag 24. januar
Laurdag 9. januar
Fredag 1. januar


 


 

teller
....